Produksjonstilskot 2021 – viktige datoar

Dei fleste kommunane er godt i gang med saksbehandlinga, men nokon har enno ikkje starta. Frist for saksbehandlar til å setja søknad til førebels godkjent/avvist/avslått er 23. desember.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.12.2021

Fristane for årets søknadsomgang er:

Dato                  Aktivitet
23. desember Frist for saksbehandlar til å setja søknad til førebels godkjent/avvist/avslått.
19. januar Frist for saksbehandlar til å setja søknad med etterregistrerte opplysningar til førebels godkjent/ avvist/avslått for søknader som skal vera med i hovudutbetalinga.
19. januar Endelige satsar er fastsette av Landbruks- og matdepartementet.
6. februar Frist for å endeleg godkjenna søknader (fatta vedtak). Søknader som ikkje er endeleg godkjente i løpet av 6. februar vil ikkje bli med i hovudutbetalinga. Sjå tidlegere nyheitssak om kven som kan endeleg godkjenne søknadene i kommunen.
16. februar Hovedutbetaling.


Les meir om fristar og saksbehandling hos Landbruksdirektoratet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.