RMP - Endringar i søknader i eStil

Vedlagt følgjer informasjon om korleis ein kan endre dato i innsend RMP-søknad.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.11.2019

Søkjar kan endre den elektroniske søknaden i løpet av dei fyrste 20 vyrkedagane etter søknadsfristen. Gjenopning av søknaden vil gi ein ny dato for innsendt søknad og det blir trekt automatisk 1000 kr per vyrkedag. Søkjar kan søkje fylkesmannen om dispensasjon frå søknadsfristen, og dermed sleppe trekket dersom søknaden blir innvilga.

Etter dei 20 vyrkedagane må søkjar innvilgast dispensasjon frå søknadsfristen for å endre søknaden. Når fylkesmannen har innvilga og registrert dispensasjon frå søknadsfristen i eStil-RMP, vil søkjar kunne søkje elektronisk etter dei 20 vyrkedagane.

Kommunen kan ikkje endre dato for innsendt søknad i saksbehandlinga si. Vi har i år eit eksempel på ein papirsøknad sendt innan fristen som søkjer etter fristen også sende elektronisk. I dette tilfellet må fylkesmannen registrere ein dispensasjon frå søknadsfristen i eStil-RMP for at søkjar ikkje skal få trekk.

Dersom søknaden er godkjent av kommunen, må kommunen åpne søknaden og godkjenne søknaden på nytt for at dispensasjonen blir effektuert (slik at søkjar slepp trekket). Dette er forklare i Landbruksdirektoratets rundskriv 2019-17 side 34.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.