RMP-tilskot 2020

Vi hadde møte med representantar for faglaga, landbruksrådgjevinga, fylkeskommunen og kommunane førre veke. Det blir nokre endringar i RMP-tilskot i år.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.03.2020

Pga. den store interessa for sonar til pollinerande innsektar og ei svært avgrensa totalramme, blir førebels sats sett ned til 15 kr per meter (minimum 2 meter breidde). Det blir sett eit tak på maksimalt 50 000 kr i tilskot til slike sonar per føretak. Det kan berre givast tilskot til kantsoner i open åker. Det vil seia at det ikkje kan givast tilskot til striper inne på jordet; berre i ytterkant og rundt åkerholmar. Det kan ikkje givast tilskot for soner på grasareal; berre på areal med korn og annan open åker.

Nytt i år er det òg at det ikkje kan givast tilskot til både beiting av verdifulle jordbrukslandskap på innmark og slått av verdifulle jordbrukslandskap på same areal. Tilskotet kan likevel kombinerast med tilskot til bratt areal i Telemark. Det er eit krav at bratt areal blir slått. Berre beitepussing blir ikkje rekna som slått.

Elles er det berre mindre endringar i vilkåra frå i fjor. Dei endelege satsane for 2019 blir vidareførte som førebelse satsar i 2020, sett bort frå for satsane til inga jordarbeiding om hausten og sonar for pollinerande innsektar. Dei førebelse satsane for inga jordarbeiding om hausten er dei same som i fjor – 40 kr, 60 kr, 150 kr og 200 kr for dei 4 erosjonsrisikoklassane i prioritert område (under marin grense).

Vi sender ut eit eige infoskriv før våronna om RMP-tilskot og førebelse satsar når vi har fått nokre avklaringar på to møte med Landbruksdirektoratet 27. mars og 1. april. Nettsida vår om RMP-tilskot blir oppdatert så fort som mogleg. Rettleiingsheftet blir sendt ut i løpet av våren (elektronisk).

Kontaktpersonar: Hilde Marianne Lien, tlf. 33 37 23 71 og Jon Randby, tlf. 33 37 23 65

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar