Tilskot ved produksjonssvikt

Fristen for å søke om tilskot ved produksjonssvikt går ut søndag kveld (31.10.2021) kl 23:59. Det er fint om de som jobbar i kommunane, minner aktuelle produsentar på fristen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.10.2021

Dyrkarar som har opplevd produksjonssvikt, men som er usikre på om produksjonssvikten er stor nok til at dei kjem inn under ordninga, bør heller søkje enn å vente. Vert produksjonssvikten mindre enn frykta, er det lett å trekkje søknaden. Alt som skal til, er at dyrkaren sender ein e-post til kommunen.

Om søknad ikkje vert sendt, og det seinare viser seg at avlingssvikten er over 30 %, er det verre. Fristen er absolutt, og det skal mye til for å få dispensasjon. Og om ein får det, er det i tilfelle etter lang, lang sakshandsamingstid i Direktoratet.

Hittil (27.10.2021) har det i Vestfold og Telemark vorte sendt inn tjueseks søknadar om tilskot ved produksjonssvikt i plante- og honningproduksjon. Tjuetre gjeld produksjonssvikt årsaka av klima; ni gjeld korn, seks gjeld ber, seks gjeld honning og tre frukt. Dei siste tre gjeld manglande arbeidskraft.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar