Vedtak frå Mattilsynet - produksjonstilskot

Landbruksdirektoratet har vidaresendt eit brev frå Landbruks- og matdepartementet til landbruksforvaltinga om vurdering av saker etter den nye samarbeidsavtalen mellom Mattilsynet og Landbruksdirektoratet om informasjonsutveksling i dyrevelferdssaker.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.01.2020

Brevet slår fast at ved behandling av søknad om produksjonstilskot skal slike saker fyrst og fremst vurderast etter produksjonstilskotsforskrifta § 2. Dermed skal ein bort frå avkorting og over på vurdering av vanleg jordbruksproduksjon ved brot på dyrevelferdsregelverket.

Endringa vil gjelde frå søknadsåret 2020. Landbruksdirektoratet vil derfor kome med nye retningslinjer i kommentarrundskriv før del 1 av søknaden opnar.

Brevet frå LMD kan de lese her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.