Vidare saksbehandling av RMP-søknadene
No har vi saman med faglaga fastsett satsane for 2020. Einaste endring frå dei førebelse satsane er for soner for pollinerande insekt. Satsen blir redusert frå 15 til 13 kr/meter for dette tiltaket. Det er tilstrekkeleg for å komma innanfor fylkesramma på 36 mill. kr og framleis ha noko igjen til klagebehandling.
Kommunen har frist til 19. februar på å attestera søknadene (endeleg vedtak). Innan denne fristen kan saksbehandlar gjenopna og saksbehandle søknadene.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Søknader under registrering
Ta ein siste sjekk på om det ligg søknader under registrering som skulle ha vore behandla.
Avkorting
Vêr spesielt oppmerksam på avkorting som skal skje med endelege satsar (einaste endring av satsane er for soner for pollinerande insekt). Avkorting skal alltid vurderast når det er avvik mellom omsøkt og innvilga tilskot. Sidan dette er miljøtilskot forventar Landbruksdirektoratet ein sterkare reaksjon i RMP-tilskot enn i produksjonstilskot for manglande/mangelfull gjødslingsplan og journal over plantevernmiddel (sjå rundskriv 2020-19 side 31 og 32). Vurderinga skal dokumenterast i merknader i saksbehandlarsystemet og grunngivinga vil komma fram i tilskotsbrevet.
Avvising/avslag
Kommunen må senda eige vedtaksbrev til søkar.
Kontroll
Husk at risikovurderingar som er gjort og funn og resultat av kontrollen skal dokumenterast.
Endring av kontonummer
Regelen er at søkar endrar kontonummeret sjølv i Altinn. Unntaksvis kan kommunen endra kontonummeret i LREG-tenester. Då er fristen 25. februar.
Vedtaksbrev og utbetaling
Søkarane vil få vedtaksbrevet i perioden mellom 26. februar og 12. mars. Fredag 12. mars får søkarane pengane på konto.