Webinar om nye erosjonsrisikokart
NIBIO har utvikla nye og meir riktige erosjonsrisikokart. Den viktigaste endringa er at dei bruker klimadata for kvar km2 og riktige hellingslengder. I nokre fylke er det store endringar; som regel lågare erosjonsrisiko. I vårt fylket er det generelt ei endring mot større erosjonsrisiko, men det er òg areal der erosjonsrisikoen blir lågare. I kommande søknadsomgang for RMP-tilskot skal det brukast tilskotskart for avrenning som også inkluderer drågerosjon.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 12.01.2021
Webinaret som blir halde 27. januar kl 9-12, vil gi kunnskap som vil vera nyttig i møte med spørsmål om endringane på den enkelte garden.
Påmelding og meir informasjon på Landbruksdirektoratet si heimeside.