Bedriftsutviklingsprisen i landbruket i 2021 for Vestfold og Telemark
Fredag 5. november vart BU-prisen delt ut til Virgenes gard i Larvik kommune. Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark gratulera med ein velfortent pris.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 08.11.2021
Innovasjon Norge deler ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks-og matdepartementet. Det er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellykka bedrift eller næring med basis i bygdenes og landbruket sine ressursar.
Juryen som står bak utdelinga er Innovasjon Norge Vestfold og Telemark, Vestfold og Telemark Fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.