Lansering av ny nasjonal strategi for urbant landbruk - verktøy for auka berekraft

Tysdag 9. februar lansera Landbruks- og matdepartementet regjeringa si nye nasjonale strategi for urbant landbruk «Dyrk byer og tettsteder». 7 statsråd har underteikna dokumentet og inviterer no til samhandling på tvers.

Statsforvaltaren vil bidraga til å gjere strategien kjent og medverke til at den kan bli eit verktøy for auka berekraft; byggje kunnskap kring matproduksjon og dei store samanhengane. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.02.2021

Internasjonalt peikar FAO på at urbant landbruk er ein del av løysinga for å komme i møte den auka etterspurnaden etter mat, samt omsyn til klima og berekraft. I Sverige peikast det på at urbant landbruk kan vere eit verktøy for å nå heile 12 av FN sine 17 berekraftmål. Her kan du lese nyheita på Statsforvaltaren sin heimeside samt heile strategien.

I lys av den nasjonale strategien gav Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark i haust ut ein rettleiar i urbant landbruk. Ambisjonen er at rettleiaren kan gi kommunar med fleir, idéar og innspel på gode og betre heilskapsløysingar, oppmoda og stimulera til tverrfagleg samarbeid, og langsiktige løysingar.

For meir informasjon om strategi og rettleiar, ta kontakt med undertekna.

Ellen Dagsrud    - fmteeld@statsforvalteren.no - tlf: 901 26 002

Kari Mette Holm –  fmvekmh@statsforvalteren.no - tlf: 997 44 206

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.