Klimatiltak i skog – tilskotssatsane for 2021 er fastsett
Det er løyvd 29,04 millioner kroner i sentral ramme til tettare planting ved forynging etter hogst, suppleringsplanting og gjødsling av skog i 2021.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Tilskotssatsane for 2021 er fastsett som følgjer:
- Tettare planting ved nyplanting: 60 %
- Suppleringsplanting: 30 %
- Gjødsling av skog: 40 %
Tilskotssatsane er fastsett på grunnlag av løyvinga og forventa aktivitet. Dersom mengda med søknader vert større enn tildelinga, kan satsane verte reduserte. Det vil i tilfelle mest sannsynleg skje i siste søknadsomgang.
Søknadsfristar:
- Tettare planting ved nyplanting: 1. august og 7. november
- Suppleringsplanting: 1. august og 7. november
- Gjødsling av skog: 15. september
For seint innkomne søknader vil ikkje få tilskot.
Forvalting, forutsetningar og vilkår for ordninga:
- Ordninga forvaltast av kommunane i tråd med reglane i NMSK-forskrifta.
- Faglege råd, føresetnader og vilkår for tilskota er ikkje endra frå tidlegare år.
- I restriksjonsområdet mot Skagerrak er det opna for gjødsling av skog med slikt tilskot igjen frå 2021, jf. tidlegare orientering (8.1.2021).
Landbruksdirektoratet sine heimesider om ordningane for klimatiltaka er ikkje oppdaterte enno, men direktoratet varslar at dei vil oppdatere sida, slik at informasjonen som er gitt her og anna nødvendig informasjon knytt til ordningane vert tilgjengeleg der.