ØKS - hugs å oppdatere kontoinformasjon
Kommunane må følgja opp kontoendringane i skogfondssystemet ØKS. For nokre kommunar er lista med endringar lang.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 23.03.2022
I ØKS er det fleire kontoar som er knytt til feil eigedom (gå inn og sjå på ØKS -->Vedlikehold --> Skogfondskonto --> Alle --> Søk )
Det er viktig at lista er oppdatert slik at det ikkje blir betalt ut skogfond til feil person.
OBS: Før dei endrar eigar på ein eigedom, søk opp eigedomen i matrikkelen. Ta kontakt med Inger Sofie eller Miriam på fmvtskogfond@statsforvalteren.no dersom tilknytta eigedom skal endras.