ØKS - hugs å oppdatere kontoinformasjon
Det må jamleg takast ein gjennomgang av skogfondskonto-vedlikehald i ØKS. For nokre kommunar er denne lista lang.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 22.06.2020
Det er viktig at lista er oppdatert slik at det ikkje blir betalt ut skogfond til feil person.
OBS: Før de endrar eigar på ein eigedom, søk opp eigedomen i matrikkelen slik at de er heilt sikre på at personen er eigar. Ta kontakt med fylkesmannen dersom det er noko de ikkje får endra.