Ordningar for tilskot i skogbruket 2022
Statsforvaltaren inviterte til eit Teams-møte 19.01.2022 med kommunane om tilskotsordningane i skogbruket. Tema for møtet var tildeling og forvalting av tilskot for 2022.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 20.01.2022
På møtet vart det lagt fram ein gjennomgang av resultat for aktivitet og bruk av tilskott for dei ulike ordningane knytt til skogbruk i 2021 og lagt fram regelverk og prioriteringar som gjeld for ordningane i 2022, saman med eit utkast til tildeling til kommunane av midlar til veg, taubane o.a. og skogkultur.
Fylgjande ordningar blei gått gjennom, saman med aktuell onformasjon om prosjekt for bruer på skogsvegar og stormskadar på skog hausten 2021:
- Tilskot til skogsvegar, taubane, hest o.a. (frå LUF-midlar)
- Tilskot til NMSK – skogkultur
- Tilskot til klimatiltak
- Tilskot til miljøtiltak
Plansjar vist på møtet er lagt ut her.