Skogfond - årsoppgave for 2020 skal sendast ut på nytt

Landbruksdirektoratet har vedtatt å tilbakestille og produsera nye kontoutskrifter for 2020, der tilvisningane til næringsoppgåve m.m. er med. Statsforvaltaren vil sende ut nye kontoutskrifter til Altinn neste veke (med unntak for nokre kommunar).

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.02.2021, Sist endra 15.02.2021

Skogeigarar som ikkje får kontoutskrift i Altinn, kan ta ut kontoutskrifta sjølv her:

OBS: Denne utsendinga av kontoutskrift gjeld ikkje for følgjande kommunar (då de allereie har fått to utsendingar):

  • Horten
  • Holmestrand
  • Tønsberg
  • Sandefjord
  • Larvik
  • Porsgrunn

Dersom disse kommunane likevel ønskjer at Statsforvaltaren skal sende ut ei tredje kontoskrift til Altinn, ber me om at dei tar kontakt.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar