Tilskot til opprydding av vindfall etter stormen 19.11.2021
Landbruksdirektoratet har laga retningsliner for tilskot til opprydding av vindfall etter stormen 19. november 2021.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Ordninga gjeld for skogeigarar i utvalde kommunar i Innlandet, Oslo og Viken og Vestfold og Telemark. Dei aktuelle kommunane er informert og har no fatta vedtak om å nytte seg av ordninga. Desse kommunane vil bli følgd opp med meir informasjon.
Statsforvaltaren har sendt melding til Landbruksdirektoratet om kva for kommunar ordninga skal gjelde for. Direktoratet vil gjere ordninga tilgjengeleg i fagsystemet ØKS for dei utvalde kommunane.
Handsaming av ordninga i ØKS
Landbruksdirektoratet arbeider no med tilpassingar i fagsystemet og utarbeider søknadsskjema. Dette vil vere klart innan kort tid. Når det er på plass, vil Landbruksdirektoratet arrangere eit Teams-møte med demonstrasjon av forvalting av stormtilskotet i ØKS for dei aktuelle kommunane. Deretter kan skogeigarar fremje søknadar om tilskot og kommunane kan starte handsaming av innkomne søknadar.
Kommunar som er med i ordninga
Dei aktuelle kommunane er vald ut av Statsforvaltaren på bakgrunn av meldingar frå kommunane og informasjon frå Skogbrand forsikringsselskap om innmeldte skadar. I Vestfold og Telemark er det berre skogeigarar i kommunane Tinn, Hjartdal, Vinje, Tokke, Kviteseid, Seljord og Midt-Telemark som kan søkje i ordninga.
Risiko for granborkbille
Vi er svært bekymra for auka risiko for granborkbilleangrep i kommunane som no er råka av stormskadar. Tømmerkjøparane i fylket deler denne bekymringa og vil prioritere hogst på areal kor risiko for borkbilleangrep er stor. Landbruksdirektoratet har lagt ut anbefalt prioriteringsliste for opprydding og anna nyttig informasjon på si nettside for stormfelt skog.