Tilskotssatsar til tettare planting og gjødsling av skog 2022

Tilskotssatsen til gjødsling av skog er for 2022 auka til 50 %, elles er satsane dei same som siste år.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.01.2022

Tilskotssatsane for 2022 er fastsette som følgjer:

• Gjødsling av skog: 50 %
• Tettare planting ved nyplanting: 60 %
• Suppleringsplanting: 30 %

Tilskotssatsene er fastsett på grunnlag av tildelinga og forventa aktivitet. Dersom søknadsmengda blir større enn tildelinga, kan satsane bli reduserte. Det vil i tilfelle mest sannsynleg kunna skje i siste søknadsomgang (25. november).


Søknadsomgangar og -fristar:

• Gjødsling av skog: 15. september
• Tettare planting ved nyplanting: 1. september og 25. november
• Suppleringsplanting: 1. september og 25. november

For seint innkomne søknader vil ikkje bli tildelt tilskot.

Les meir på heimesidene til Ldir under dei to ordningane, ‘Tilskudd til gjødsling av skog som klimatiltak' og ‘Tilskudd til tettare skogplanting som klimatiltak'.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.