Grønsaksesongen har starta
Langs kysten av Vestfold er det lange tradisjonar for tidleg produksjon av grønsaker. Allereie førre veke vart dei første gulrotfrøa sådde i Larvik.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Norsk landbruksrådgiving Viken (NLR Viken) melder at dei første gulrotfrøa vart sådde i Brunlanes laurdag 6. mars, på den tidlege jorda som ligg i solvendinga. Den lette jorda saman med mange soltimar gjer at kysten av Vestfold er svært godt egna til å starte sesongen for grønsaker tidleg. Ved å leggja plast over jorda, aukar jordvarmen og gir frøa moglegheit til å spire tidleg. Høyr bonde Fredrik Bakke sin entusiasme for å starte sesongen her (kjelde: Nevlunghavn Losen)
Det er eit mål å auke den samla matproduksjonen i Noreg. NIBIO og NLR Viken har utvikla kart som syner korleis jordbruksareala er egna for dyrking av ulike grønsaker. Karta er tilgjengelege berre for Vestfold. Grønsakskartet gjer det lettare å velgje rett vekst til rett sted og areala kan dermed utnyttast optimalt.