Søk tilskot til kommunal jordvernstrategi

Landskapsbilde
Fotograf: Anne Aasdalen

Alle kommunar kan no søkje tilskot til å utarbeide eigne jordvernstrategiar – søknadsfrist 31.mai.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.04.2023

Landbruksdirektoratet har lyst ut midlar for utarbeiding av kommunale jordvernstrategiar.

Føremålet med å utarbeide kommunale jordvernstrategiar er auka kunnskap om jordbruksareala våre og auka merksemd kring jordvernet i planprosessar. Ein slik strategi kan bidra til meir langsiktigheit i arealplanlegginga ved å gi eit overordna bilete av forholdet mellom utbygging og det å ta vare på jordbruksareala. Målet med strategien er å minske omdisponeringa av dyrka og dyrkbar jord i kommunen. Les meir om kommunale jordvernstrategiar hos Landbruksdirektoratet.

Frist

Fristen for å søke midlar til kommunal jordvernstrategi er 31. mai.

Søknadsskjema

Tilskudd til kommunal jordvernstrategi - Landbruksdirektoratet

Utlysning

Utlysning av midler til utarbeiding av kommunale jordvernstrategier - Landbruksdirektoratet

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar