Midlar til utvikling av eit undervisningsopplegg om berekraftig matproduksjon
Landbruks- og matdepartement har løyvd midlar til å utvikla eit undervisningsopplegg til bruk i ungdomsskular og vidaregåande skular. Undervisninga skal handla om korleis maten vår blir produsert, og tek utgangspunkt i nettsida www.bærekraftigmatproduksjon.no
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er Telemark landbruksselskap som har fått midlane til «tiltak for auka kunnskap og interesse for berekraftig matproduksjon», og prosjektet skal gjennomførast med mange samarbeidspartnarar, m.a. Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark/Møre og Romsdal, USN, og diverse ungdomsskular og vidaregåande skular.
Debatten om berekraftig matproduksjon er ofte einsidig og prega av ‘oneliners'. Det trengst ei betre forståing av mekanismen som ligg bak landbruk og matproduksjonen. Eit objektivt syn på kor landbruket står i klimadebatten, og ei oversikt over moglegheiter og utfordringar jordbruket står ovanfor er grunnleggjande for å kunna forma ei meining om berekraftig matproduksjon.
Samanhengen mellom matproduksjon, klima, miljø, og forvaltning av landsareal er eit komplisert og omfattande tema. Det finst ikkje ein enkel fasit på kva som er best praksis, men ein berekraftig matproduksjon er heile tida tilpassa ulike forhold.
Godt undervisningsmateriell kan bidra til ei auka forståing av temaet, og kan vera nyttig i omdømmebygging av landbruket blant ungdommar.