Miljøvennlege småbåthamner

For mange er ingenting betre enn å setta seg i båten og dure av garde. Med båthald følgjer det òg eit ansvar, og båteigarar og småbåthamner har eit spesielt ansvar for den forureininga som kan oppstå i ei småbåthamn.

Forureining frå spyling og vedlikehald av småbåtar

Hovudkjelda til forureining frå småbåthamner er spyling og vedlikehald av skrog i hamna. Frå båtpussen oppstår ulike typar farleg avfall, både brukte kjemikal som spillolje og frostvæske, og restar frå sjølve pussen, som slipestøv, maling – og botnstoffrestar.

Farleg avfall frå småbåtar

Farleg avfall som kan oppstå frå drift og vedlikehald av småbåtar, kan mellom anna vere:

  • spillolje, motoroljer og smørjeoljer
  • oljeforureina masse og vatn med olje-/dieselrestar, for eksempel frå botn av båtar
  • oljefilter, bensinfilter og dieselfilter
  • blanda drivstoff
  • alle type batteri
  • målingsrestar, løysingsmiddel, fugemassar, avskrapa botnstoff, filler og kostar med måling/botnstoff
  • sprayboksar
  • elektrisk- og elektronisk utstyr (EE-avfall)

Småbåthamner må ta imot alt avfall frå båtturen

Det er viktig at avfall ikkje kjem på avvege. Ei småbåthamn skal kunne ta imot alt avfall etter ein båttur, jf. forureiningsforskrifta kapittel 20. Hensikta med forskrifta er at alle hamner har ei tilfredsstillande mottaksordning for avfall frå båtar.  

Hamneansvarleg skal ut frå behovet for levering, sørge for etablering og drift av mottaksordningar for avfallet. For nokre hamner kan dette bety å vise til gjenvinningsstasjonen som ligg like ved, medan for andre betyr dette at dei må etablere og drifte mottak av ordinært og farleg avfall i hamna. 

 Alle hamner må ha godkjent avfallsplan

Alle hamner, både industrihamner og småbåthamner, må ha ein plan for handtering av avfall i hamna. I 2013 kom kravet om at avfallsplanen skal sendast til Statsforvaltaren for godkjenning. Alle kystkommunar har ansvar for å lage og revidere ein felles plan for alle hamner som hovudsakleg mottek avfall frå fritidsbåtar. Dei hamnene som ikkje er inkludert i kommunen sin felles avfallsplan må sjølve sende inn eigne planar til Statsforvaltaren. Avfallsplanen skal vurderast og sendast til Statsforvaltaren for ny godkjenning minst kvart tredje år.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontakt oss

Fagsjef Forurensning:
Siv Hege Wang Grøvo
Telefon 33 37 23 18

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding 

Kontakt oss

Direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding