Forureina grunn
Tiltak i forureina grunn krev som regel godkjenning, løyve eller pålegg etter forureiningslova for å kunne utførast på lovleg vis. Tiltakshavar er ansvarleg for å skaffe løyve eller godkjenning, eller for å gjennomføre eit pålegg. Forureiningsstyresmakt kan vere kommunen, Statsforvaltaren eller Miljødirektoratet.
Ein kan i hovudsak skilja mellom to typar tiltak i forureina grunn. Det er viktig å skilje på dei to, for å handtere saka på rett måte.
- planlagde terrenginngrep der ein skal grave, planere, fylle ut, byggje eller liknande og som rører ved forureina grunn.
- tiltak for å rydde forureining.
Kommunen er styresmakt for dei planlagde terrenginngrepa innanfor verkeområdet til forureiningsforskrifta kapittel 2.
Statsforvaltaren eller Miljødirektoratet er styresmakt om det skal ryddast i forureina grunn. Rydding i forureina grunn kan skje på løyve eller etter pålegg.
For meir informasjon om begge typar saker, sjå Miljødirektoratet sine sider.
Tiltakshavar har ansvar ved terrenginngrep
Terrenginngrep aukar risikoen for eksponering og spreiing av forureining. Det er den som skal gjere tiltak på lokaliteten som har ansvaret for ikkje å spreie forureining.
Tiltakshavar har følgande plikter:
- Vurdere om det er mistanke for forureining. Terskelen for kva som gjer mistanke er lav.
- Ved mistanke om forureining plikter tiltakshavar å undersøke om det er forureina grunn i området. For å kartleggja forureina grunn må ein følgje den til kvar tids gjeldande rettleiing om dette (no TA-2553/2009).
- Om undersøkinga viser at grunnen er forureina, skal tiltakshavar utarbeide ein tiltaksplan som kommunen skal vurdere og godkjenne før arbeida kan begynne.
På Miljødirektoratet sine nettside finst ein eigen rettleiar for kommunens oppgåver og plikter, og kva kommunen kan krevje av ein tiltakshavar.
Regelverket gjeld og for terrenginngrep der ein ikkje har søknadsplikt i følgje plan- og bygningslova.
Terrenginngrep i deponi krev tilleggsvurderingar
Inngrep i deponi er komplisert og krev tilleggsvurderingar. Særlege utfordringar er avhengig av type deponert avfall og kan vere deponigass (lukt, helsefare, samt brann-/eksplosjonsfare), setningar i grunnen, og miljøgifter utover «dei vanlege». Det er viktig at slikt blir avdekka tidleg.
Det kan vere nødvendig å legge restriksjonar på arealbruken eller ta andre omsyn som kan ha følgje for bruksformålet. Det har kome ei ny rettleiing om bygging på gamle avfallsdeponi ift. forureiningsregelverket og planregelverket. Statsforvaltaren er styresmakt for deponi for ordinært og inert avfall. Miljødirektoratet er styresmakt for deponi for farleg avfall.
Lokalitetar der Miljødirektoratet eller Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt
Kommunen er normalt også styresmakt for bygge- og gravesaker på lokalitetar knytt til bransjar eller saksområde der Miljødirektoratet eller Statsforvaltaren er styresmakt. Slike saker bør alltid også klarerast med den aktuelle styresmakt. Statsforvaltaren er styresmakt for dei delegerte saksområda i rundskriv T-3/12. Miljødirektoratet er styresmakt for alt anna.
Det er berre Miljødirektoratet som kan bestemme at kapittel 2 ikkje skal gjelde for ein lokalitet og at saka heller skal behandlast av Miljødirektoratet eller Statsforvaltaren. Dette kan for eksempel vere særleg komplekse saker, saker knytt til eit samla industriløyve eller saker med behov for ein samordna nasjonal praksis.
Opprydding i forureina grunn
Om det på eige initiativ skal ryddast i forureina grunn, må tiltakshavar søke rett styresmakt om løyve. Som regel er det behov for undersøkingar og ein tiltaksplan.
På lokalitetar der forureina grunn fører med seg ein risiko for helse eller spreiing, eller der det er mistanke om forureining men risiko er ukjent, kan styresmakta pålegge den som blir funne ansvarleg for forureininga å gjere undersøkingar, lage tiltaksplanar og å rydde opp.
Mudring, dumping eller utfylling i sjø og vassdrag
Forureiningsforskrifta kapittel 2 omfattar ikkje mudring, dumping og utfylling. For slike saker er det normalt Statsforvaltaren som er styresmakt. For tiltak på land som blir behandla etter forureiningsforskrifta kapittel 2 og som strekkjer seg ut i sjøen, bør rett styresmakt vurderast i kvar einskild sak.
Fagsystemet Grunnforurensning
Alle kommunar skal ha ein brukar i fagsystemet Grunnforurensning, og har plikt til å sørga for registrering av opplysningar om forureina grunn. Fagsystemet viser areal kor det er bekrefta eller grunna mistanke om forureining i grunnen, og er tilgjengeleg på Miljødirektoratets nettsider. Det er som regel ønskeleg at tiltakshavar sjølv legg inn informasjon i fagsystemet. Styresmakta kan i alle høve krevje slik rapportering.
Fagsystemet gir befolkninga nødsynt miljøinformasjon, hjelper styresmaktene i saksbehandlinga og bidrar til å forhindre spreiing av forureina masser. Opplysningane i systemet blir også brukt i forbindelse med rapportering av forureina grunn til regjeringa, Stortinget og internasjonale organ.
Lenkjer
Kontakt oss
Fagsjef Forurensning:
Siv Hege Wang Grøvo
Telefon 33 37 23 18
E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no
All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.
Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding
Kontakt oss
Direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09
E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no
All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.
Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding