Grønt Partner AS har fått løyve etter forureiningslova

Statsforvaltaren har gjeve Grønt Partner AS løyve til verksemd etter forureiningslova for anlegget på Hellenesmoen i Larvik kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.03.2021

Grønt Partner AS produserer stapper og stuingar basert på poteter og grønsaker for storhushald, daglegvare og industrimarknaden. Verksemda har utslepp til luft og vatn frå prosessen. Meir opplysningar finn du i dokumenta til høgre.

Partar i saka og andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket.

 

Eventuelle klager må ein grunngi og sende innan 05.04.21 til:

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg eller på
e-post til sfvtpost@statsforvaltaren.no

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.