Fjerna 30 tonn østers i 2020
30 161 kilo stillehavsøsters plukka på 249 område. Det er fasiten for Østersdugnaden 2020, som gjennom året har vorte utvida til alle kystkommunar i Vestfold og Telemark.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Østersdugnaden, som blir drive av Vestfold og Telemark fylkeskommune og Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, har som mange andre arrangement og prosjekt som inneber samling av menneske vorte påverka av koronaviruspandemien. Mange plukkedugnader vart sett på vent og avlyst gjennom våren og sommaren. Likevel vart det gjennomførte mange private initiativ i små grupper, og feltmannskapet for prosjektet gjennomførte mykje plukking sjølv. Etter kvart som helsestyresmaktene letta på tilrådingane om gruppestorleik, vart det mogleg å gjennomføra fleire og større plukkedugnader.
Dobling frå 2019
Stillehavsøsters er ein uønskt og framand art som har hatt ein eksplosiv vekst langs kysten på Austlandet. For å avgrensa veksten til arten, etablerte fylkeskommunen og Fylkesmannen i Vestfold og Telemark prosjektet Østersdugnaden i 2019, med mål om å redusera spreiinga langs kysten av fylket. Resultata etter andre året for prosjektet i drift viser at det hjelper å plukka dei skarpe skjelene.
- Meir enn 30 tonn stillehavsøsters har vorte fjerna frå kysten i fylket vårt i år, det er meir enn dobbelt så mykje som i fjor då vi enda på 14 tonn. Vi klarer ikkje å komme stillehavsøstersen til livs, og det har heller aldri vore intensjonen. Arten har komme for å bli, med mindre det skjer drastiske endringar i det naturlege miljøet. Plukkinga viser derimot at det hjelper lokalt, og at det vil vera eit jamleg behov for å fjerne østers der dei kan gjera skade – som på badestrender og i naturvernområde, seier prosjektleiar for Østersdugnaden, Kristian Ingdal i Vestfold og Telemark fylkeskommune.
Ingdal roser dei mange frivillige som har bidratt i dugnadsarbeidet med å gjera kysten tryggare. Både hyttevel, lag, foreiningar og enkeltpersonar har bidrege i til saman 329 plukkedugnader i 2020.
Samarbeidsprosjekt
Østersdugnaden inngjekk også i 2020 eit samarbeid med friluftsråda i fylket, Oslofjordens Friluftsråd (OF) og Grenland Friluftsråd (GF). Dei utgjorde ein stor del av feltmannskapet for prosjektet, som saman med feltansvarleg i Østersdugnaden har sørgt for opplæring av dugnadsgjengar, utlån av utstyr, gjennomføring av kartleggingar og ryddedugnader, og bortkjøring av plukka stillehavsøsters. I tillegg er kystkommunane i fylket sentrale bidragsytarar i å gjennomføre Østersdugnaden.
- Kystkommunane har bidratt med informasjon og kunnskap for å velja ut strender og badeområde som bør ryddast. Dei har òg ei viktig rolle i å informere innbyggarane til kommunen om korleis dei kan bidra i dugnaden. Østersdugnaden er og skal vera eit samarbeidsprosjekt, som kartlegg, legg til rette og koordinerer for fjerning av østers. Skal vi lykkast i det lange løpet, er vi heilt avhengig av dette gode samarbeidet med friluftsorganisasjonar, kommunar og frivillige, poengterer Ingdal.
Dei ulike avdelingane innan Skjærgårdstjenesten i Vestfold og Telemark har bidrege til å frakte folk, utstyr og plukka skjel til og frå øyar, og med kunnskap om kva område som bør ryddast for østers.
Verneområda
Mange av verneområda som kan være trua av stillehavsøsters er viktige område for fugl, og forstyrring i desse områda bør avgrensast til eit minimum i hekketid og trekktida seier Hanne Thoen, rådgivar hos Fylkesmannen i Vestfold og Telemark.
Dei beste tidspunkta for å gå ut i desse verneområda er derfor tidleg på våren eller seint om hausten. Det var planlagt å kartlegge i nokon av verneområda tidleg på våren 2020, men dette vart utsett til hausten 2020 pga. koronasituasjonen. Det vil bli sett i gang kartlegging mellom anna i Bliksekilen, Bastøy, Presterødkilen, Ilene, Mølen, Hummerbakken og Indre Viksfjord i slutten av oktober/starten av november opplyser Thoen.
Det vart kartlagt til saman 343 område i 2020, og det har vorte funne østers nær sagt over alt i fylket Mange av desse områda har vorte kartlagt tidlegare år, og det viser seg at mange har fått ei betydeleg redusert mengde stillehavsøsters. Østersdugnaden fortset i 2021.
Meir informasjon om Østersdugnaden, plukkerutinar og matsikkerheit på østersdugnaden.no