Søk om tilskot til naturforvaltningstiltak i 2024
Miljødirektoratets elektroniske søknadssenter er no opna og det er mogleg å søkje tilskot til ein rekkje natur- og miljøtiltak i fylket vårt. Søknadsfrist er 15. januar 2024.
Du kan søkje om støtte til å ta vare på trua artar og naturtypar, pollinerande insekt, kulturlandskap, vassdrag, fisk, lokale vilttiltak og tiltak mot framande artar. Målgruppa er grunneigarar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, privatpersonar, landsdekkande organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar.
Nokre eksempel på tiltak er:
- Skjøtsel og vedlikehald, som til dømes slått av slåttemark, tilrettelegging for beite på naturbeitemark, tiltak som hindrar gjengroing eller fjerning av framande artar.
- Konkrete tiltak for enkelte artar, slik som flytting av individ, reintroduksjon og innsamling av frø.
- Tiltak som krev tilpassa bruk på areal som inngår i drift av eit landbruksføretak, eksempelvis inngjerding av trua artar.
- Kartlegging og overvaking i tilknytting til tiltak.
Rundskrivet (lenke i menyen til høgre) gir orientering om tilskotsordningane og kva det er mogleg å søkje på. Du kan òg få ei oversikt over dei ulike søknadsordningane på regjeringen sin heimeside.
Korleis søkje:
Du kan gå direkte til søknadssenteret. Her kan du registrere deg som søkjer og finne informasjon om søknadsprosedyren saman med omtale av dei enkelte tilskotsordningane. Rapportering av tiltak det er gitt tilskot til, skal også skje gjennom søknadssenteret.
Søknadsfrist:
15. januar 2024
Ansvarleg: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Kven kan søkje:
Grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar kan søkje om økonomisk stønad for å betre natur- og miljøtilstanden i fylket.
Kontakt oss
E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no
All kontakt på e-post blir behandlet etter samme prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angående en spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.
Gjelder saken personsensitive opplysninger, kan du òg sende sikker melding
Telefon til vårt sentralbord: 33 37 10 00
Skatt
Vi gjer merksam på at tilskot som vederlag for eigen arbeidsinnsats er å rekne som skattepliktig inntekt, jf. skattelova § 5-10. Dersom du søkjer som privatperson vil andelen av tilskotet som gjeld eigen arbeidsinnsats blir utbetalt som skattepliktig lønn. Dersom du søkjer som næringsdrivande må denne andelen av tilskotet førast inn i næringsoppgåva. Tilskot til dekning av dokumenterte utgifter i tilknyting til arbeidet er skattefritt, jf. skattelova § 5-11.