Fem vassmiljøprosjekt får tilskot i vårt fylke
Miljødirektoratet har i 2020 fordelt 21 millionar kroner til 87 prosjekt over heile landet for å betre vassmiljøet i ferskvatn og kystvatn.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
– Mesteparten av pengane går til konkrete tiltak som skal forbetre vasskvaliteten og livsgrunnlaget til dyr og planter som lever i vatna. Engasjementet er stort, vi er glade for å kunne dele ut nesten dobbelt så mykje som i fjor, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.
Prosjekta som har fått tilskot skal blant anna opne bekker, forbetre leveforholda for fisk, hindre at vann gror igjen av planter eller redusere effektane av menneskeleg aktivitet som utslepp av kloakk og annan type forureining.
I år var det 223 søkjarar som hadde søknader på totalt 95 millionar kroner. Restaureringsprosjekt har vorte spesielt prioriterte ved årets løyving.
Restaureringa av Tokenesbekken på Nøtterøy har fått 420 000 kroner til å:
- opne opp ei strekning som tidlegare har vore lagt i røyr
- setja i verk tiltak mot framande artar
- reetablera kantvegetasjon
Liste over dei tiltaka som får tilskudd over 100 000 kr i vårt fylke
Navn på søknaden | Tilskudd |
Restaureringstiltak i Unnebergsbekken i Sandefjord | 440 000 |
Restaurering av Tokenesbekken pa Nøtterøy | 420 000 |
Restaurering sjøørretbekk Sandvika | 200 000 |
Søknad om støtte til vanndirektivskurs høsten 2020 | 175 000 |
Gjenåpning av Djupsundbekken i Sandefjord | 130 000 |
Fleire sjansar i 2021
Neste høve for å søkje tilskot er i 2021. Miljødirektoratet opnar for søknader ca.1. november 2020, og søknadsfristen er 15. januar 2021.
Miljødirektoratet forvaltar ei rekkje tilskotsordningar. Ei samla oversikt med lekkje til søknadsskjema finst i det elektroniske søknadssenteret vårt.
Kontaktpersonar
-
Grethe Helgås
Tlf: 33 37 23 09 / 91 69 94 10