Rupefjell og Selslinatten naturreservat i Notodden

Rupefjell og Selslinatten naturreservat:  Eldre skog langs toppområdet. Foto:  Sigve Reiso
Rupefjell og Selslinatten naturreservat: Eldre skog langs toppområdet. Foto: Sigve Reiso

Rupefjell og Selslinatten naturreservat vart verna 23. juni 2020, og dette er Notodden sitt 10. naturreservat.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.08.2020

Generelt            

Området ligg mellom Follsjå i Notodden kommune i Vestfold og Telemark og Jondalen i Kongsberg kommune i Viken. 

Topografi

Området er prega av rolege åspartier med slake lier avbrote av grunne, men fleire stader tronge og markerte bekkedaler. Bratte lisider inngår først og fremst mot Tysjøvatn i sør. Toppartiet har òg fleire myrar og tjern.

Verneformål    

Formålet med naturreservatet er å verna eit område som har særleg tyding for biologisk mangfald på grunn av førekomst av eit stort område med innslag av gamal produktiv furunaturskog og gamal brannpåvirka furuskog, og dessutan til dels rik blandingsskog.

Naturfagleg kvalitet 

Området har særskilt naturvitskapleg verdi på grunn av førekomst av sjeldne og trua arter av sopp og lav knytta til død ved av furu, gran og osp, medrekna førekomst av mørk brannstubbelav på brente furugadder.

Naturreservatet har regional verneverdi (**).

 

Naturreservata i Notodden

Lenke til faktaark i Naturbase

Lysthuskollen naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00003550

Rupefjell og Selslinatten naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00003610

Skrim og Sauheradfjella naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00001832

Elferdalen naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00001113

Omnflug naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00003176

Flaaten naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00002920

Semsøyene naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00001114

Jønjiljo naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00000426

Fjellstulfjellet naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00003244

Blåurlia naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00001210

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.