Utviding av Skirvedalen naturreservat i Tinn
Utvidinga av Skirvedalen naturreservat vart vedteke verna i statsråd 23. juni 2020.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Generelt
Skirvedalen naturreservat vart verna første gong 09.07.1993. Første utviding var 21.06.2019 og nå har reseservatet vorte utvida igjen. Reservatet ligg i kommunane Tinn i Vestfold og Telemark og Rollag i Viken, mellom Tinn Austbygd og Veggli i Numedal. Det er eit stort og variert skogområde som er lite påverka.
Topografi
Området som er ei utvidinga av det eksisterande naturreservatet ligg sør for dagens naturreservat og strekker seg frå sørgrensa til Mjeltemyr på austsida av Saurelijuva. Vestover strekker området seg opp mot Maristulfjellet.
Topografien er mild med større myrflater- og skogstrekninger, samt eit større vatn, Långevatn, og fleire mindre tjern.
Verneformål
Formålet med naturreservatet er å verna eit skogområde som har særleg tyding for biologisk mangfald på grunn av førekomst av høgareliggande barskog og med innslag av urskogsprega og storvaksen granskog.
Området har særskilt naturvitskapleg verdi på grunn av parti med frodig høyproduktiv høgstaudegranskog, og dessutan førekomst av myrområder med stor økologisk variasjon.
Naturfagleg kvalitet
Området har særskilt naturvitskapleg verdi på grunn av førekomst av lite påvirka og til dels urskogsprega og storvokst barskog, med mindre arealer med den rødlista naturtypen høgstaudegranskog (NT) og førekomst av fleire rødlista lav- og sopparter (NT)
Det meste av skogen er relativt høgtliggande, lågproduktiv og dels glissen og er prega av lang tids bruk, både gjennom setring og tømmerhogst. Granskogen i lisida opp mot Maristaulfjellet avvik ved å vera meir kompakt og storvaksent.
I nedre del av den produktive lia inngår òg jamt med død ved, mest som vindfall og ferske gadd mest av ferske til middlere nedbrytningsstadier. Godt nedbrutte læger inngår berre som enkelte restar. Dominerande aldersklasse er 80-120 år, svært få eldre tre (inntil ca 200 år).
Skirvedalen naturreservat har regional verneverdi (**).
Naturreservata i Tinn |
Lenke til faktaark i Naturbase |
Gausdalen naturreservat |
|
Midtstrondbekken naturreservat |
|
Skirvedalen naturreservat |
|
Rollagåsen naturreservat |
|
Vestfjorddalen naturreservat |
|
Urdalen naturreservat |
|
Gjuvet naturreservat |
|
Omnflug naturreservat |
|
Glupen naturreservat |
|
Bratterudskogen naturreservat |
|
Mælslia naturreservat |
|
Lauvhøgdi naturreservat |