Tre nye skogområde er verna i Vestfold og Telemark
Regjeringa verna 27. november 28 skogområde i sju fylke. Verneprosenten ligg nå på 5,1 %.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 30.11.2020
Alle områda inngår i arbeidet med frivillig vern av privateigd skog , og utgjer om lag 82,6 kvadratkilometer nytt verneareal. Verneprosenten ligg nå på 5,1 % av alt skogareal i Noreg og 3,9 % av den produktive skogen.
Verneområda bidrar til å sikre viktige leveområde for ein rekkje truga og sjeldne artar, og er med på å oppfylle dei nasjonale måla for naturmangfald som Stortinget slutta seg til gjennom behandling av Meld. St. 14 (2015-2016) Natur for livet.
Tre av verneområda ligg i Vestfold og Telemark, som til saman bidreg til 3358 dekar nytt vern i fylket.
Områda er:
- Grøum naturreservat, Tønsberg kommune
- Petersætra og Trestikledalen naturreservat, Holmestrand og Drammen kommuner (delvis Viken)
- Oppsaljuvet naturreservat, Hjartdal kommune
Kontaktpersonar
-
Linda Myhre
Tlf: 33 37 11 93 -
Odd Frydenlund Steen
Tlf: 35 58 61 54 / 95 07 71 02