Storsteinfjell naturreservat
Storsteinfjell naturreservat ligg aust for fylkesveg 355, nord for Grasstøylfjell. I nordaust følgjer vernegrensa vatnlinja ved Rolleivstadvatn.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Storsteinfjell er eit nær urørt naturområde med naturskog av furu med høg alder og grove dimensjonar. Området har særskild vitskapeleg verdi som typeområde. Eit typeområde er eit område med ein særskild naturtype som får utvikle seg utan å bli påverka av menneske i særleg grad, og som ein kan samanlikne med når ein skal vurdere korleis ulike faktorar påverkar naturen.
Området er freda for å ta vare på eit nær urørt naturområde med sitt biologiske mangfald i form av naturtypar, økosystem, artar og naturlege økologiske prosessar.
Dokument
Kontakt oss
Direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09
E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no
All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.
Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding