Fylkesmannen innkallar kommunane til møte
-Vi har innkalla alle kommunane i fylket til eit møte for å leggja til rette for at kommunane kan diskutera dei nye koronatiltaka til regjeringa. Det seier fylkesmann Per A. Olsen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 05.11.2020
Fylkesmannen har som oppgåve å samordna kommunane i Vestfold og Telemark. Regjeringa har oppmoda om at kommunar med høgare smitte skal vurdera særskilte tiltak. På møtet i morgon vil vi drøfta om nokre kommunar ønsker å innføra strengare tiltak enn dei nasjonale.
-Fleire kommunar har bede Fylkesmannen leggja til rette for eit møte der kommunane kan drøfta eventuelle ytterlegare tiltak enn dei nasjonale. Møtet blir halde fredag 6. november kl 10-11.30, seier fylkesmann Per A. Olsen.