Smittesporingskurs
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har saman med nasjonale helsemyndigheiter, Universitetet Sørøst-Norge og fleire kommunar i fylket laga eit digitalt kurs for nye smittesporarar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Ved eit større smitteutbrot i ein kommune kan det oppstå mangel på personell til smittesporing. Smittesporing er eit detektivarbeid som er tidkrevjande og spanande.
Kurset er lansert på Kompetansebroen.no, det er gratis og består av to delar. Den nasjonale smittesporingsopplæringa som er grunnleggjande og generell for heile landet, og del to utarbeidd i Vestfold og Telemark, som inneheld praktiske døme, case og bruk av digitale verktøy.
Smittesporing er ei særs viktig oppgåve for å halde kontroll på korona-pandemien ved å hindra vidare spreiing av viruset. Ein smittesporar jobbar i teamet i kommunen, som saman følgjer opp og gjev informasjon til personar med påvist smitte og nærkontaktene deira. Arbeidet er basert på telefonisk kontakt og bruk av digitale verktøy og ikkje fysisk pasientkontakt. Til no har meir enn 50 personar gjennomført kurset og sagt seg villlig til teneste som smittesporar.
Vegen vidare
Ved fullført opplæring i Vestfold og Telemark-delen blir alle spurde om å melda seg tilgjengeleg for oppdrag til Statsforvaltaren. Lista over tilgjengeleg smittesporingspersonell blir kontinuerleg oppdatera av oss. Kommunen har arbeidsgjevaransvaret og tek sjølv kontakt med den einskilde smittesporar ved behov.