Tilskot - Kompetansehevande tiltak for lindrande behandling og omsorg ved slutten av livet
- Søknadsfrist:
- 1. mars 2022 23:00
- Målgruppe:
- Leiarar og tilsette i den kommunale helse- og omsorgstenesta
- Ansvarleg:
- Helse- og omsorgsavdelinga
- Kven kan søke:
- Kommunar i Agder og i Vestfold og Telemark
- Rapporteringsfrist:
- 1. mars 2023 23:00
Formålet med tilskotsordninga er å styrka kvaliteten i tilbodet til personar med behov for lindrande behandling og omsorg. I tillegg til å byggje opp kompetanse om dette i kommunane.
Målgruppa for tilskotet er leiarar og tilsette i den kommunale helse- og omsorgstenesta, som arbeider med tenester til pasientar med behov for lindrande behandling uavhengig av diagnose. Ordninga gjeld òg pårørande.
Dette må vera med i søknaden:
- Søkaren sin målsetjing for tilskotet
- Prosjektbeskrivelse/skildring av tiltak det blir søkt om tilskot til, med prosjektstart og slutt
- Budsjett (skal kunna samanliknast på same nivå med rekneskap dersom rekneskap blir krevd)
- Delfinansiering/opplysning om evt. tilskot frå andre instansar
- Egenfinansiering
- Søkeren sin vurdering av risiko ved prosjektet
Søknaden skal verte underteikna av rådmann/kommunaldirektør eller den som han eller ho har delegert myndigheiten til.
Kommunar blir oppfordra ved utforming av prosjekt og søknad til å søka råd og rettleiing hos Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester og/eller Regional kompetansetjeneste for lindrende behandling, Helse Sør-Øst (KLB).
Vi kan gje tilskot til:
Kvalitetsutviklingsarbeid, inkludert kompetanseheving i den kommunale helse- og omsorgstenesta. Til dømes implementering av nye organisasjonsformer og verkty. Vi kan òg gje tilskot til samla kompetanseheving i ein region.
Vi kan ikkje gje tilskot til drift av helse- og omsorgstenester eller til formell vidareutdanning og studiar. For tilskot til vidareutdanning, sjå Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot.
Statsforvalter og det regionale kompetansesenteret for lindrande behandling kan be tilskotsmottakar dela erfaringar og resultat frå prosjektet på erfaringssamlingar, fagdagar og liknande.
Praktisk informasjon
- Søknads og rapporteringsfrist er 1. mars 2022, og neste rapportering er 1. mars 2023
- Kommunar som søkjer i Agder og Vestfold og Telemark sender søknaden til sfvtpost@statsforvalteren.no , utan kopi til saksbehandlar
- Rapporteringsskjema for tilskot tildelt i 2021 skal sendast til same epost-adresse som over
- Skjema for søknad og rapportering finn dykk i boksen "Dokument"
- Lenke til regelverk og annan informasjon om tilskotsordninga finn dykk i boksen "Lenker"
- Søknadsfrist:
- 1. mars 2022 23:00
- Målgruppe:
- Leiarar og tilsette i den kommunale helse- og omsorgstenesta
- Ansvarleg:
- Helse- og omsorgsavdelinga
- Kven kan søke:
- Kommunar i Agder og i Vestfold og Telemark
- Rapporteringsfrist:
- 1. mars 2023 23:00