Hjelp frå politi i akutte faresituasjonar på barnevernsinstitusjonar

Barnevernsinstitusjonar skal i utgangspunktet kunne handtere akutte faresituasjonar sjølv, men det kan oppstå uventa hendingar der institusjonen må be om hjelp frå politiet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.12.2019

Når institusjonar har tatt på seg å gi omsorg og behandling til barn med alvorlege problem, må dei ha personale, beredskapsplanar og metodar som kan handtere situasjonar der ungdommen mister kontrollen, trugar eller utøver vald. Institusjonen skal kunne handtere dette innanfor rammene av rettigheitsforskrifta. 

Risikovurderingar

Leiinga for institusjonane har ansvar for å gjere risikovurderingar knytt til drifta og skal sikre at dei har tilstrekkeleg personell med nødvendig kompetanse til å ta vare på forsvarleg tryggleik, omsorg og trivsel for dei barna som dei har tatt på seg å gi omsorg og behandling til.  

Uventa situasjonar

Det kan likevel oppstå uventa situasjonar der personalet mister kontrollen i situasjonen, og handlingane til barnet utgjer alvorleg fare for barnet sjølv, personalet eller andre barn på institusjonen. I slike situasjonar kan det vere nødvendig å be om hjelp frå politiet, jamfør kommentarane til rettigheitsforskrifta.

Les meir i Rundskriv om retningslinjer til rettighetsforskriften. 

Sjå også saka Bruk av politi i barnevernsinstitusjon.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.