Ny rettleiar om rettleiing av tilsette i barnevernet
Rettleiaren skal bidra til at barnevernstenester og barnevernsinstitusjonar kan etablere forsvarlege, hensiktsmessige og varige ordningar for rettleiing av tilsette.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har utarbeidd rettleiaren med bistand frå Regionalt kunnskapssenter for barn og unge, region nord (RKBU Nord). Målgruppa for rettleiaren er tilsette og leiarar ved barnevernsinstitusjonar og i kommunalt barnevern.
Barnevernslova § 15-2 andre ledd og § 10-6 fjerde ledd set krav om at personell i barnevernstenester og barnevernsinstitusjonar får naudsynt rettleiing og opplæring.
Rettleiing er viktig for å sikre at personellet yter forsvarlege tenester i samsvar med lova. Hovumålsettingane med rettleiinga er å bidra til utvikling og vedlikehald av kompetanse hjå tilsette i barnevernet. Rettleiinga skal også bidra til ivaretaking av dei tilsette som står i krevjande oppgåver.