Barnehage og opplæring

Oppdatert 20.12.2023

Barn og unge har rett til ei god utviklings- og opplæringstid frå barnehagealder til fullført vidaregåande opplæring.

  • Retten til barnehageplass gjeld for barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av november det året det blir søkt om barnehageplass. Barnet kan få plass i kommunal eller ikkje-kommunal barnehage.
  • Barn og unge har plikt og rett til ei tiårig grunnskuleopplæring frå dei fyller seks år, og rett til å få denne finansiert av det offentlege. Det er kommunane som har ansvaret for grunnskuleopplæringa.
  • Ungdom mellom 16 og 19 år har rett til offentleg finansiert vidaregåande opplæring. Det er fylkeskommunane som har ansvaret for opplæring på vidaregåande skule.

Statsforvaltaren gjennomfører tilsyn og behandlar klagar

Statsforvaltaren skal informere og rettleie innbyggjarar og eigarar av barnehagar og skular etter opplæringslova, privatskulelova og barnehagelova med tilhøyrande forskrifter. Statsforvaltaren er også klageinstans for enkeltvedtak på desse områda og fører tilsyn etter opplæringslova og barnehagelova.

Tilskot til skular og barnehagar

Det er i hovudsak skule- eller barnehageeigaren og kommunane som har rett til offentlege tilskot. Statsforvaltaren har oppgåver knytte til kontroll, klage og oppfølging av slike tilskot.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

05.01.2024

Resultata frå nasjonale prøvar skuleåret 2023-2024

Vi gjev ei kort oppsummering av resultata, både for offentlege og private skular i fylket.


05.01.2024

Høyring om nytt system for kvalitetsutvikling

Du kan no si meininga di om rapporten frå utval for kvalitetsutvikling i skulen. Kunnskapsdepartementet inviterer til høyringskonferanse i Bergen 16. januar 2024.


04.01.2024

Tilskot til symjeopplæring i barnehagar

Kommunar, frivillige organisasjonar og barnehagar kan no søkje om tilskot til symjeopplæring for barnehagebarn for kalenderåret 2024.


20.12.2023

Tilsynsaktivitet på barnehage- og opplæringsområdet i 2023

Statsforvaltaren i Vestland har som oppgåve å føre tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit og kommunen som skuleeigar. I 2023 har vi gjennomført 33 tilsyn.


19.12.2023

Ber om kontaktpersonar frå kommunane til CRPD-prosjekt

Statsforvaltaren skal auke kunnskapen om og gjennomføringa av FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) i alle kommunar. Vi ber difor om kontaktpersonar.


08.12.2023

Fagdagar om inkludering av nykomne i barnehagar og skular

Utdanningsdirektoratet vil i samarbeid med Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) arrangere fagdagar om inkludering av nykomne i barnehagar og skular.


30.11.2023

Kan skulen legge vekt på tilrådingar frå andre faginstansar enn PPT?

Vi har fått spørsmål om skulen kan og skal legge vekt på tilrådingar frå spesialisthelsetenesta eller andre faginstansar enn PPT


17.11.2023

Samling om integreringslova 29.11.2023

Vi inviterer til ei samling den 29. november 2023 frå 09.00 til 10.30 på Teams. Endringar i integreringslova og forskrifta, og presiseringar frå AID og IMDi vil vere aktuelle tema for samlinga.


15.11.2023, Oppdatert 05.12.2023

Første samling i nettverk for førebyggande arbeid mot vald og overgrep mot barn og unge

Vi inviterer kommunar som ønskjer å styrke sitt arbeidet med å førebygge, oppdage, handle og hjelpe barn og unge som står i fare for, eller som vert utsett for, vald og seksuelle overgrep til å delta i nettverket.


15.11.2023

Forskrift om helse og miljø i skular, barnehagar og skulefritidsordningar

Forskrifta har som mål å bidra til at miljøet i barnehagar, skular, skulefritidsordningar og ordningar for leksehjelp fremmer barn og elevar si helse, trivsel, leik og læring. Den skal i tillegg førebyggje sjukdom, skade og alvorlege hendingar.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel