Resultatrekneskap frå private barnehagar

Alle private barnehagar skal levere resultatrekneskap i BASIL. Rapporteringa gjeld frå august og fram til 17. oktober 2022, og gir viktig informasjon både til kommunane og staten.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.09.2022

Nytt i år

I år er nokre posta splitta og nokre lagt til. Det er utvida rapportering på følgjande tema:

  • godtgjerdsle til styrar
  • avskrivningar
  • eigedoms- og festeavgift
  • finansinntekter
  • finanskostnadar

Tilgangar i BASIL

Kommunen, barnehagen og revisor nyttar brukarnavn og passord fra UBAS for å logge seg inn i BASIL.

Kommunen må opprette ein UBAS-brukar for styrar i barnehagen. I etterkant kan styrar sjølv opprette fleire brukarar for sin barnehage.

Barnehagen gir revisor tilgang til resultatregnskapsskjema gjennom UBAS. Ein revisor kan ha tilgang til fleire barnehagar med same brukernavn og passord. Informasjon om tildeling av rolle som revisor finn du på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Godkjenningsfrist

Kommunane skal kontrollere og godkjenne skjema innan 17. oktober 2022.

Statsforvaltaren vil sjå til at kommunen held godkjenningsfristen.

Utdanningsdirektoratet nyttar opplysningane frå resultatrekneskapet til:

  • å sikre at tilskot og foreldrebetaling blir nytta i samsvar med barnehagelova § 23
  • å legge til rette for kommunalt tilsyn med bruken av tilskot og foreldrebetaling
  • statistikkgrunnlag for barnehagane

Meir informasjon om resultatrekneskap finn du på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.