Treng barnet ditt spesialpedagogisk hjelp eller eit tilrettelagt barnehagetilbod?
Barn kan ha behov for spesialpedagogisk hjelp, individuell tilrettelegging av barnehagetilbodet, eller begge deler. For at barnet ditt skal få den hjelpa hen har krav på er det viktig å vere merksam på skilnaden mellom dei to ulike rettane.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Om du har barn i barnehagealderen har du sikkert lagt merke til at barna kan utvikle seg ulikt. Det kan vere store individuelle skilnadar på barn sine kognitive, språklege, fysiske og motoriske dugleikar. I mange høve vil barnet oppnå aldersadekvat utvikling ved modning, men dersom barnet ditt har utfordringar som gjer at hen ikkje kan delta i barnehagetilbodet på lik linje med andre barn, eller har eit særskilt behov for å styrke læring og utvikling, fastset barnehagelova to ulike rettar for barnet ditt.
Individuell tilrettelegging av barnehagetilbodet
Barnehagen skal ta omsyn til kvart einskilt barn og gjere individuelle tilpassingar av barnehagetilbodet. Tilbodet skal mellom anna tilpassast funksjonsnivået til barnet. Det kan likevel vere eit gap mellom barnet sine føresetnader og utforminga av omgivnadane som gjer at barnet har behov for tilpassing ut over det ordinære barnehagetilbodet. Barn som har nedsett syn, høyrsel eller nedsett rørslefunksjon kan til dømes trenge ein ekstra personalressurs for å delta i samlingsstund, på utflukter eller kommunisere med andre barn i leik.
Barnehagelova § 37 gir barn med nedsett funksjonsevne rett til eit individuelt tilrettelagt barnehagetilbod. Retten til tilrettelegging skal sikre at barn med nedsett funksjonsevne får likeverdige høve til utvikling og aktivitet som andre barn.
Framgangsmåte for melde frå om behov for individuell tilrettelegging
Kommunen pliktar å ta initiativ til å sette inn tiltak dersom dei får kjennskap til at eit barn har behov for individuell tilrettelegging, og dette er av eit større omfang enn barnehagen kan gjere innafor det ordinære tilbodet. Kommunen treng ikkje samtykke frå føresette før dei gjer vedtak eller set inn tiltak. Dersom kommunen vil sette inn tiltak utan at de har vore involverte i prosessen skal de få eit førehandsvarsel og få uttale dykk om saka før kommunen gjer vedtak.
Dersom kommunen ikkje har kjennskap til at barnet ditt har behov for individuell tilrettelegging gir de kommunen melding om dette. De treng ikkje å søke. Vidare er det kommunen som vurderer barnehagetilbodet til barnet ditt, og gjer vedtak om individuell tilrettelegging. Du finn meir informasjon om individuell tilrettelegging på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.
Spesialpedagogisk hjelp
Barn kan ha behov for spesialpedagogisk hjelp frå fødselen av og opp til opplæringspliktig alder. Spesialpedagogisk hjelp fokuserer på å styrke barnet si utvikling og læring, og følgjer av barnehagelova § 31. Dersom barnet utviklar seg seinare enn andre, eller har ei annleis utvikling enn andre, kan barnet ditt ha eit særskilt behov for hjelp. Retten gjeld uavhengig av om barnet går i barnehagen eller ikkje. Du finn meir informasjon om spesialpedagogisk hjelp på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.
Framgangsmåte for å melde frå om spesialpedagogisk hjelp
Kommunen har plikt til å oppfylle retten til spesialpedagogisk hjelp. Dersom de er bekymra for barnet si utvikling og læring, ber de kommunen om å få oppfylt denne retten. Vilkåret for å få spesialpedagogisk hjelp er at barnet har eit særskilt behov for hjelp, og det er PPT (Pedagogisk psykologisk teneste) som har i oppgåve å “utrede” barnet og komme med tilrådingar, før kommunen gjer vedtak. Saksgangen er slik:
- De som føresette kan når som helst på året be kommunen om å vise barnet til PPT. Dersom det er helsestasjonen eller barnehagen som vurderer at barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp må føresette samtykke til dette før PPT utarbeider sakkunnig vurdering
- PPT gjer ei vurdering av barnet sitt behov for spesialpedagogisk hjelp og kjem med tilrådingar
- Kommunen gjer vedtak etter nytt samtykke frå føresette.
Formålet med dei to ulike føresegnene, er som de ser, ulike. Individuell tilrettelegging skal hjelpe barnet ditt med utfordringane hen har slik at hen kan delta i barnehagen på lik linje med andre barn. Tilrettelegginga skal fastsettas med utgangspunkt i barnet sitt behov, og sørge for at omgjevnadane utafor barnet blir tilpassa slik at barnet ditt får likeverdige høve for aktivitet og utvikling som andre barn.
Spesialpedagogisk hjelp skal gi barn med særskilte behov tidleg hjelp og støtte til utvikling og læring av til dømes språk, sosiale og kognitive dugleiker. Hjelpa skal bidra til progresjon av barnet ditt si utvikling og læring ut frå barnet sine eigne føresetnader.