Eksamen
Statsforvaltaren har som oppgåve å følgje opp regionalt arbeid med det nasjonale systemet som gjeld eksamen.
Oppgåvene går ut på sensur for skriftleg eksamen i grunnskulen og grunnskuleopplæring for vaksne, og eksamen og klagebehandling for skriftleg eksamen i vidaregåande opplæring.
Skriftleg eksamen
- oppnemning og skulering av sensorar
- fordeling av sensorane i eksamenssystemet
- innkalling og gjennomføring av møter i samband med fellessensuren
- organisere klagebehandling ved klager på eksamenskarakterar
- medverke til å utarbeide karakterstatistikk
- økonomirapportering av forbruk i samband med eksamensordninga
- rettleie skular, skuleeigarar og sensorar i bruk av PAS-eksamen og prøvegjennomføringssystemet PGS
Munnleg eksamen
Munnleg eksamen er ein lokalt gitt eksamen som skuleeigar har ansvaret for. For meir informasjon sjå Utdanningsdirektoratet si side om munnleg eksamen.
Klage på eksamen
Skriftleg eksamen
Statsforvaltaren i Vestland er ikkje klageinstans for eksamensfag i grunnskulen. Oversikt over kven som er klageinstans for dei ulike faga, finn skular og skuleeigarar i PAS-eksamen under menypunktet Klageansvar.
Munnleg eksamen
Statsforvaltaren er klageinstans for klager i alle fag frå skular i Vestland.
Vidaregåande opplæring
Statsforvaltaren i Vestland er klageinstans for fleire fag frå vidaregåande skular, mellom anna språkfaga engelsk, tysk, fransk og spansk. I tillegg også samfunnsfagkodar og realfagskodar.
Sjå elles meir informasjon om eksamen på Utdanningsdirektoratet sine sider.
Dato for fellessensur våren 2024
Fellessensur for sentralt gitt eksamen i grunnskulen og vidaregåande opplæring er sett til 18. – 20. juni 2024.
Publisert 09.01.2023
Datoar for sensorskulering våren 2023 i vidaregåande opplæring
Her finn du datoane for sensorskuleringar i vidaregåande opplæring våren 2023 i fag Statsforvaltaren i Vestland har sensuransvar for. Oppnemnde sensorar vil bli kontakta for påmelding.
Publisert 29.09.2022
Dato for fellessensur våren 2023
Fellessensur for sentralt gitt eksamen i grunnskulen og vidaregåande opplæring er sett til 19. – 21. juni 2023.
Publisert 25.10.2021
Fagdagar for lærarar og sensorar i matematikk, engelsk og norsk i grunnskulen
Vi inviterer til fagdagar for lærarar og sensorar i matematikk, engelsk og norsk i grunnskulen.
Publisert 03.05.2021
Eksamen våren 2021
Utdanningsdirektoratet har publisert avklaringar om munnleg eksamen for avgangselevar.
Publisert 08.04.2021
Dato for fellessensur våren 2021
Dato for fellessensur for sentralt gitt eksamen i vidaregåande opplæring er sett til torsdag 17. juni og fredag 18. juni.
Publisert 16.03.2021
Eksamen og sensur i vidaregåande opplæring
Her finn du aktuelle datoar og oversyn over våre fagkodar.
Publisert 10.03.2021
Munnleg og munnleg-praktisk eksamen
Det nærmar seg eksamenstid og vi gjer merksam på føresegnene som gjeld for grunnskulen og vidaregåande opplæring.
Publisert 18.02.2021
Skriftleg eksamen er avlyst
Skulane må likevel melde på elevane til skriftleg eksamen innan 1. mars.
Publisert 22.04.2020
Privatisteksamen blir gjennomført
Regjeringa avgjorde 21. april 2020 at sentralt gitt eksamen for privatistar vil bli gjennomført.
Kontaktpersonar
Aktuelt
Datoar for fellessensur 2024
Grunnskule
- Tysdag 18. juni - norsk, engelsk og matematikk
Vidaregåande opplæring
- Onsdag 19. juni - norsk hovudmål og sidemål, spansk og fransk.
- Torsdag 20. juni - engelsk, tysk, marknadsføring og leiing 2, reiseliv og språk, rettslære 2 og samfunnsøkonomi 2.
Dato for sensorskulering våren 2024
Grunnskulen
- Måndag 27. mai - engelsk og norsk
- Onsdag 29. mai - matematikk
Vidaregåande skule
- Tysdag 28. mai - norsk