Eksamen og sensur i vidaregåande opplæring
Her finn du aktuelle datoar og oversyn over våre fagkodar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 16.03.2021
Dato for fellessensur i vidaregåande opplæring våren 2021 er torsdag 17. juni og fredag 18. juni.
Fellessensur i norsk og engelsk fellesfag er lagt til 17. juni, dei andre faga vi har sensuransvar for er lagt til 18. juni.
Statsforvaltaren i Vestland har sensuransvar for følgjande fag våren 2021:
• Engelsk fellesfag og programfag
• Fransk fellesfag og programfag
• Spansk fellesfag og programfag
• Tysk fellesfag og programfag
• Norsk (hovudmål og sidemål)
• Markedsføring og leiing 2
• Rettslære 2
• Samfunnsøkonomi 2
• Reiseliv og språk 2