Høyring om nytt system for kvalitetsutvikling
Du kan no si meininga di om rapporten frå utval for kvalitetsutvikling i skulen. Kunnskapsdepartementet inviterer til høyringskonferanse i Bergen 16. januar 2024.
Utval for kvalitetsutvikling i skulen leverte hovudinnstillinga si, NOU 2023:27 Et nytt system for kvalitetsutvikling – for elevenes læring og trivsel, til kunnskapsministaren 13. november 2023. Frist for å kome med innspel til rapporten er sett til 20. februar 2024.
Kunnskapsdepartementet inviterer til i alt fire høyringskonferansar i januar og februar 2024. Den første konferansen er lagt til Bergen og Radisson Blu Royal Hotel Bergen den 16. januar i år. Gjennom høyringskonferansane ønskjer Kunnskapsdepartementet å leggje til rette for breie diskusjonar og innspel frå regionar om kvalitetsutvikling i skolen.
Her kan du lese meir om høyringa og melde deg på konferansen.