Tilbod til elevar og barn som ikkje kan vere heime
Det er vedtatt fleire mellombelse forskrifter på utdanningsområdet, mellom anna for skule og barnehage. Desse forskriftene har særreglar om klagerett.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Denne informasjonen vart lagt ut i perioden der barnehagar og skular var stengt. Du finn aktuell og oppdatert informasjon på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.
Fredag 27. mars 2020 blei mellom anna følgjande forskrifter vedtatt:
- Midlertidig forskrift om tilpasningen i lovgivningen om grunnskoleopplæring og videregående opplæring som følge av utbrudd av Covid-19
- Midlertidig forskrift om tilpasninger i lovgivningen om barnehager som følge av utbrudd av Covid-19
I desse forskriftene står det at krava til enkeltvedtak i forvaltningslova (kapittel 4 og 5) ikkje gjeld for avgjerd av søknader om kven som skal få eit tilbod i periodar skulen, skulefritidsordninga, eller barnehagen er stengd eller driv med redusert kapasitet. Skule- og barnehageeigarar må likevel ha ei forsvarleg saksbehandling når dei får søknader om tilbod til barn. Avslag på tilbod må gjerast skriftleg, og det skal informerast om eventuell klagemoglegheit.
Avslag som følgje av at foreldra ikkje blir vurdert som å ha kritiske samfunnsfunksjonar, kan ein ikkje klage på. Alle andre avslag kan klagast på. Det er fordi desse avgjerdene handlar om barnet sitt behov, og avgrensinga av kven som skal få eit tilbod, er langt meir skjønnsmessig.
Kommunens/fylkeskommunens klageorgan, etter forvaltningslova § 28 andre ledd, er klageinstans for avslag om slikt tilbod. Føresette som vil klage på avgjerd om avslag på tilbod i grunnskule og barnehage, sender klagen til kommunen. Dersom eleven går på vidaregåande skule, skal klagen sendast til fylkeskommunen. Klagene skal så behandlast innad i kommunen eller fylkeskommunen.
Fylkesmannen understrekar likevel at det er skule- og barnehageeigar som i utgangspunktet skal sørge for at barn som er omfatta av unntak i vedtak og forskrifter etter smittevernlova, får eit tilbod. Vi viser her til nettoppslaget om dette på våre nettsider om skule- og barnehagetilbod og foreldrebetaling.
Kontaktpersonar
-
Anne Hjermann
Tlf: 55 57 22 75 / 97 00 95 88 -
Marianne Svege
Tlf: 55 57 22 55 / 41 61 42 96