Desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skule
Desentralisert kompetanseutvikling er ei kompetansesatsing – som gjennom tilskot, bidreg til kollektiv kompetanseutvikling og profesjonsutvikling.
Desentralisert ordning for kompetanseutvikling i grunnskole og vidaregåande skole, er ei av tre tilskotsordningar i lokal kompetanseutvikling, og som namnet tilseier, rettar den seg inn mot skulesektoren.
Målet med ordninga
Målet er å heva kvaliteten på utdanning- og oppvekstilbodet til born og unge. Satsinga tek vidare sikte på å styrkje samarbeidet mellom aktørar som tilbyr profesjonsfaglege utdanningar retta mot utdannings- og oppvekstområdet, og slik sett bidra til meir praksisrelevante utdanningar. Tilskotsordninga – desentralisert ordning for kompetanseutvikling i grunnskole og vidaregåande skole, gjeld for skulesektoren og skal gi skulane økonomisk støtte til å vurdere kompetansebehov, planleggje- og utvikle kompetansetiltak og vidare til gjennomføringa av tiltaka.
Lokal kompetanseutvikling
Tilskotsordninga – desentralisert ordning for kompetanseutvikling i grunnskole og vidaregåande skole, føl rammeverket for desentralisert kompetanseutvikling. Det betyr at det er lokale vurderingar og behov som skal ligge til grunn for eventuelle tiltak, og utviklingsarbeidet skal skje i partnarskap med universitet og høgskular (UH). Kompetansehevinga skal skje i kollektive prosessar og den skal vere skulebasert. Dette betyr at utviklingsarbeidet må involvere og femne om heile kollegiet ved aktuelle skular/skuleeigarar som søker støtte. UH kan involverast i kartlegging og analyse av kompetansebehov, i tillegg til at dei skal gje råd og levere innhald i det konkrete skulebaserte utviklingsarbeidet.
Målgruppe
Målgruppa for tilskotsordninga er tilsette i offentlege og private skular i Vestland fylke. Den gjeld tilsette både i grunnskule og vidaregåande opplæring. Midlane blir tildelt til kommunale eller private eigarar, som har ansvaret for å koordinere og fasilitere utviklingsarbeidet.
Regionale føringar for Vestland fylke
For å sikre føreseielegheit, og at midlane i tilskotsordninga blir nytta i tråd med intensjonen, er det sett saman eit samarbeidsforum som utformar lokale retningslinjer. Samarbeidsforum består av private og kommunale barnehage- og skuleeigar, fagforeiningar og dei lokale UH institusjonane i fylket. Samarbeidsforumet har avgjort at midlane i denne tilskotsordninga, skal bli fordelt til lokale kompetanseregionar etter ei proratafordeling basert på lærarårsverk. Det er vidare bestemt av 50% av midlane i ordninga skal gå til UH. I Vestland er det 13 kompetanseregionar, som vidare gjer prioriteringar for midlane. Kompetanseregionane utformar ei innstilling for bruk av midlar, og samarbeidsforum – i kraft av si rolle som avgjerdsorgan, tek stilling til, og eventuelt godkjenner innstillingane. Statsforvaltaren er sekretariat i ordninga, og skal påsjå at midlane blir nytta i tråd med nasjonal forskrift.
I høgre meny finn du meir informasjon om ordninga. Ta gjerne kontakt med oss ved spørsmål.