Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis

Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis er eit av fleire tiltak som skal bidra til at barn og unge får den hjelpa de treng når dei treng det, anten dei går i barnehage, grunnskule eller vidaregåande skule. 

I stortingsmelding 6, tett på – tidleg innsats og inkluderande fellesskap i barnehage, skule og SFO, signaliserte regjeringa ei satsing på spesialpedagogikk og inkluderande praksis. For å stimulere praksisfeltet til utvikling, blei det samstundes lansert ei tilskotsordning, som skal bidra med midlar til kompetanseheving.

Målet med ordninga

Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis, tek sikte på å bidra til at det er tilstrekkeleg kompetanse tett på barn og elevar. Tilstrekkeleg kompetanse til å kunne førebyggja utanforskap, fange opp utfordringar og gi eit inkluderande og tilpassa pedagogisk tilbod til alle, inkludert dei som har behov for særskild tilrettelegging. Tilskotsordninga for kompetanseløftet skal bidra med midlar, slik at utdannings- og oppvekstsektoren kan identifisera behov for kompetanseheving innanfor ovannemnte område, og vidare setja i verk kompetansehevingstiltak.

Lokal kompetanseutvikling

Tilskotsordninga kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis, byggjer på modell for lokal kompetanseutvikling, jf. regional ordninga for kompetanseutvikling i barnehage og desentralisert ordning for kompetanseutvikling i grunnskole og vidaregåande skole. Det betyr at det er lokale vurderingar og behov som skal ligge til grunn for eventuelle tiltak, og utviklingsarbeidet skal skje i partnarskap med universitet og høgskular. Til forskjell frå dei andre tilskotsordningane, rettar ordninga seg inn mot det samla laget rundt barnet. Fleire tenesteleverandørar vil derfor trenge kompetanseheving, og naturlegvis inngår i arbeidet med å identifisere behov og utforma tiltak.

Målgruppe

Målgruppa for tilskotsordninga er tilsette i PP-tenesta, andre tverrfaglege tenester i kommune og fylkeskommune, barnehage- og skuleeigarar og tilsette i barnehage og skule.

Regionale føringar for Vestland fylke

For å sikre føreseielegheit, og at midlane i tilskotsordninga blir nytta i tråd med intensjonen, er det sett saman eit samarbeidsforum som utformar lokale retningslinjer. Samarbeidsforum består av private og kommunale barnehage- og skuleeigar, fagforeiningar og dei lokale universitets- og høgskulemiljøa (UH) i fylket. Samarbeidsforumet har avgjort at midlane i kompetanseløftet, skal bli fordelt til lokale kompetanseregionar etter ei proratafordeling basert på innbyggjartal. I Vestland er det 11 kompetanseregionar, som vidare gjer prioriteringar for midlane. Kompetanseregionane utformar ei innstilling for bruk av midlar, og samarbeidsforum – i kraft av si rolle som avgjerdsorgan, tek stilling til, og eventuelt godkjenner innstillingane. Statsforvaltaren er sekretariat i ordninga, og skal påsjå at midlane blir nytta i tråd med nasjonal forskrift. 

I høgre meny finn du meir informasjon om ordninga. Ta gjerne kontakt med oss ved spørsmål.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 25.02.2021

Oppstart av Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis

Kompetanseløftet skal bidra til at alle barn og unge har tilgang til faglig dyktige lærarar og andre med spesialpedagogisk kompetanse.