Eldreråd får tilbod om opplæring i aldersvenleg utvikling
Nye eldreråd får moglegheita til å utforske korleis dei kan bidra til aldersvenleg samfunnsutvikling og sikre ei sterkare stemme for eldre i kommunen sin.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Senteret for et aldersvennlig Norge tilbyr opplæringstilbodet frå 2024. I tillegg til eldreråda, rettar tilbodet seg også mot administrasjonen i kommunane, og andre kommunale- og fylkeskommunale folkevalde. Opplæringa skjer i samarbeid med KS, Pensjonistforbundet og andre seniororganisasjonar.
Tilbodet består av ein digital del og ein dag med fysisk samling det blir lagt vekt på refleksjon og diskusjon i grupper. Den digitale delen vil handle om korleis det er å arbeide i eit eldreråd, og den fysiske samlinga vil ta for seg dei aldersvenlege innsatsområda: bustad, transport, plan, uteområde og universell utforming, medverknad, kommunikasjon og samfunnsdeltaking.
Opplæringa blir gjennomført i løpet av det første halvåret i 2024, etter at dei nye eldreråda er på plass. Dei fysiske samlingane blir gjennomført fylkesvis.
Utviklinga og gjennomføringa av opplæringa for eldreråda skjer på oppdrag frå Regjeringa, med ønskje om å styrke medverknad og reell medverknad for eldre innbyggjarar overfor kommunestyret i saker som vedkjem dei eldre.
Les meir på nettsida til Senteret for et aldersvennlig Norge.