Leve heile livet-reforma inn i ny fase og status i Vestland
Leve heile livet-konferansane i regi av det regionale støtteapparatet hadde deltakarar frå nær alle kommunane i fylket. Fekk du ikkje med deg konferansen, kan du sjå innlegget frå Helsedirektoratet her.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Temaet for konferansane var Leve heile livet inn i ny fase, for neste år startar arbeidet med implementering, gjennomføring og få på plass gode rutinar for arbeidet i kommunane. For mange vil dette gå hand i hand med vidare planarbeid. Dette var også noko av det om kom fram på konferansane - kommunane er komne ulikt i arbeidet. Den raude tråden i konferansen var erfaringsdeling frå kommunar og organisasjonar, og dette skapte stort engasjement.
Sjå innlegget til Torstein Ouren, nasjonal prosjektleiar for reforma i Helsedirektoratet, nedst i saka.
Status i Vestland
Med bakgrunn i pandemien bestemte regjeringa tidlegare i år at reformperioden blir utsett til 2024. I Vestland er mange kommunar godt i gang med planlegginga av arbeidet, og har sett reforma på politisk dagsorden. Fram til no har 24 kommunar i Vestland gjort politisk vedtak om korleis dei vil legge opp arbeidet med reforma, og 18 kommunar melder at dei skal gjere politisk vedtak i løpet av 2021.
På nettsida til Helsedirektoratet kan du lese siste nytt om reforma.
Inviterer til dialogmøter
Det regionale støtteapparatet for Leve heile livet i Vestland har hatt dialogmøte med 22 av dei 43 kommunane i Vestland. Tema for møta er ofte det kommunen sjølve ønskjer hjelp til i Leve heile livet-arbeidet, dette gjeld i dei fleste tilfelle alle dei fem innsatsområda i reforma.
Vi oppmodar dei kommunane som endå ikkje har hatt dialogmøte, om å ta kontakt. Statsforvaltaren har ansvar for koordinering av arbeidet til det regionale støtteapparatet, og du kan ta kontakt med Åse Vaag, som du finn under «Kontaktpersonar».