Dobbel statsborgarseremoni i Håkonshallen
Søndag 12. juni var Håkonshallen nok ein gong fylt av nye norske statsborgarar og gjestene deira, for første gong sidan før pandemien.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Med unntak av under pandemiåra har nye norske statsborgarar blitt invitert til høgtideleg seremoni sidan 2006/2007. Etter to års pause er markeringane i gang igjen, og aldri har det vore fleire inviterte enn i desse dagar. Søndag 12. juni arrangerte vi to seremoniar i Håkonshallen.
Talar og kultur
Fung. statsforvaltar Gunnar O. Hæreid leia begge seremoniane. Tom Georg Indrevik, ordførar i Øygarden, haldt hovudtalen på den første seremonien og Rune Bakervik, ordførar i Bergen, haldt den andre.
Kulturinnslaga var ved den anerkjente pianisten Rune Alver, og sopran Lydia Hoen Tjore, som til dagleg er solist ved Den Norske Opera & Ballett.
Seremoniar framover
Dei som har fått statsborgarskap seinhaustes 2021 og fram til august 2022 og som ikkje har blitt invitert enno, vil bli invitert på seremoni i Bergen eller Førde ut på hausten.
Fungerande statsforvaltar i Vestland, Gunnar O. Hæreid. (Foto: Vigleik Brekke)
Erik Alf Bøe, kommandant på Bergenhus Festning, Ane Kvaal, visepolitimeister, Tom Georg Indrevik, ordførar i Øygarden og Gunnar O. Hæreid, fungerande statsforvaltar i Vestland. (Foto: Vigleik Brekke)
Sopran Lydia Hoen Tjore. (Foto: Vigleik Brekke)
Kontaktpersonar
-
Gunnar O. Hæreid
Tlf: 57 64 30 02 / 91 18 06 26 -
Edvard Høgestøl
Tlf: 55 57 20 45 / 91 38 35 73