Krav om tilskot til trus- og livssynssamfunn 2020
Frist for å sende inn krav om tilskot til trus- og livssynssamfunn for 2020 er 1. mars. Her finn du informasjon og skjema som skal nyttast.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
E-post med påminning om frist for å søke om tilskot for 2020 er sendt til alle trus- og livssynssamfunn med registrert e-postadresse hjå Fylkesmannen i Vestland. Fristen kan ikkje fråvikast, og krav som vert sendt eller levert til oss etter fristen 1. mars 2020 vil bli avvist.
Korleis søke om tilskot
- Du skal bruke kravskjema i word-format som ligg ved artikkelen, den finns både på nynorsk og bokmål. Kravskjema i anna format (open document) er tilgjengeleg på Barne- og familiedepartementet sine sider.
- Du kan laste ned kravskjema og fylle det ut digitalt, men det må signerast før innsending.
- Bankkontonummeret må førast opp i kravskjemaet.
- Det skal òg sendast inn medlemslister i digital lesbar versjon, anten på CD eller minnepinne, jf. pkt 3.2 i rundskriv V-02/19B frå Kulturdepartementet. Merk at diskett ikkje lenger kan nyttast. Krav med medlemslister i papirversjon blir avvist.
- Kravskjema og medlemslister sendast til:
Fylkesmannen i Vestland
Statens Hus
Njøsavegen 2
6863 Leikanger - Rekommandert postsending vert anbefalt for trus- og livssynssamfunn som sender kravet i posten. Alternativt kan kravet leverast til ein av Fylkesmannen sine kontorstader innan fristen.
- Frist: 1. mars 2020
Tilskotssats for 2020
Satsen for utrekning av statstilskotet for 2020 er enno ikkje fastsett. Satsen vil bli kunngjort på departementet og Fylkesmannen sine nettsider, vanlegvis innan utgangen av april. Barne- og familiedepartementet vil òg leggje ut nærare orientering om korleis satsen er fastsett på sine nettsider.
Rapporteringsfrist for tilskot mottatt i 2019
Fristen for innsending av årsmelding og rekneskap for mottatt tilskot i 2019 er 10. april 2020. Vedlagt artikkelen finn du malar for årsmelding på nynorsk og bokmål. Det er frivilleg om du vil nytte desse malane, men pass på at alle relevante opplysningar kjem med ved innsending av årsmeldinga.
Årsmelding og rekneskap sendast til Fylkesmannen i Vestland, sjå adresse lenger oppe i artikkelen.
Kontaktpersonar
-
Ove Midtbø
Tlf: 57 64 31 76
Lenkjer
Viktig informasjon om søknad om statstilskot
Frist for søknad om statstilskot er utsett til 9. april 2021.
Statsforvalteren i Agder er kontaktpunkt for alle spørsmål om statstilskot og ny lov om trus- og livssynssamfunn.