Nye råd for fysisk aktivitet og tid i ro
All fysisk aktivitet, også med låg intensitet og kort varigheit, tel og er viktige for helsa. Dei som sit aller mest i kvardagen, må vere endå meir aktive elles.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Helsedirektoratet har lansert nye råd for fysisk aktivitet og stillesitting.
Du kan lese dei faglege råda på nettsida til Helsedirektoratet.
Dei viktigaste endringane er at det er kome nye råd for vaksne som sit mykje i ro, og anbefalingane for barn og unge er delt opp i aldersgrupper. Det er også kome klarare råd om skjermtid.
Dei nye anbefalingane gir også god rettleiing for helsepersonell, som tek opp viktigheita av fysisk aktivitet med pasientane sine.
Dei nye anbefalingane blei lansert i eit webinar 9. mai 2022.
Opptak av webinaret kan du sjå på nettsida til Helsedirektoratet.