Kommunane må oppretthalde tilbod til barn og unge i pandemien
Tenester til utsette barn og barn og unge med foreldre i samfunnskritiske funksjonar må vere opne og tilgjengelege, og fritidstilbod bør haldast opne så langt det let seg gjere.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Situasjonen med restriksjonar og avgrensingar for befolkninga, samtidig som juleferien står for dør, gjer at Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet kjem med den felles oppmoding til kommunane.
Les heile brevet med oppmodingane til kommunane her.
Særskilt merksemd på utsette barn, unge og familiar
Konsekvensen av stengte og sterkt reduserte tenester for barn og unge kan vere alvorlege, særleg for dei som har samansette oppfølgings- eller behandlingstilbod eller vanskelege heimeforhold. Tenestene må ha særskilt merksemd retta mot barn og unge:
- Som kan ha utfordringar som ikkje er kjende.
- Som under normale forhold ikkje ville vore utsette, men som kan ha blitt det som følgje av pandemien.
- Som det kan vere bekymring for.
- Som kommunen veit er i ein krevjande livssituasjon.
- Som er i eit oppfølgings- eller behandlingsforløp.
Tilgjengelege tenester i juleferien
Helsepersonell i svangerskapsomsorgen, helsestasjons- og skulehelstetenesta og helsestasjon for ungdom er eit sikringsnett for dei som har behov for hjelp og oppfølging. Kommuane bør derfor prøve å ha tilgjengelege tenester og vere til stades for gravide, barn og unge i juleferien.
Kommunane bør også ha tilpassa og lett tilgjengeleg informasjon om kva tilbod barn og unge kan nytte seg av, på sine nettsider. Informasjon om kven barn og unge kan kontakte dersom dei treng hjelp frå barnevernstenesta eller barnevernsvakt, bør også vere lett tilgjengeleg på nettsidene.
Fritidsaktivitetar for barn og unge bør framleis gjennomførast i tråd med gjeldande smitteverntiltak, spesielt lågterskeltilbod.