Ny nasjonal plan for rehabilitering etter covid-19
Helsedirektoratet har presentert ein nasjonal plan som angir anbefalt retning for arbeidet med rehabilitering for personar med rehabiliteringsbehov etter covid-19-sjukdom.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 23.06.2021
I planen presentera Helsedirektoratet mellom anna seks hovudmålsettingar for rehabiliteringa:
- Pasientar med funksjonsnedsettingar etter covid-19-sjukdom, får rehabilitering i utifrå gjeldande kunnskap og beste praksis på området.
- Pasientar som har behov for rehabilitering etter å ha hatt covid-19-sjukdom, får informasjon om kva som finnes av rehabiliteringstilbod i møte med helsepersonell både i kommunane og i spesialisthelsetenesta. Grupper med høgare risiko for å ha behov for rehabilitering etter covid-19, eller grupper det er særleg vanskeleg å nå med informasjonstiltak, prioriterast.
- Bruk av omgrep knytt til pasientar som har behov for rehabilitering etter covid-19-sykdom er einskapleg og kvalitetssikra.
- Det er god registrering av covid-19-rehabilitering i helse- og omsorgstenestene på begge tenestenivå, som ledd i å auke kunnskapen på feltet.
- Det sikrast ein kontinuerleg og systematisk kunnskapsoppsummering basert på eksisterande forsking, samt stimulering av ny forsking om rehabilitering etter covid-19.
- Rutinar og avtaler om samhandling og meldingsutveksling omfattar alle aktørar i pasientforløpet på tvers av kommunane og spesialisthelsetenesta på rehabiliteringsområdet
Les meir om den nye nasjonale planen på Helsedirektoratet si heimeside.